lørdag 26. mars 2011

"Swarovski øyredobbar"

Eg er ingen dreven og kreativ person på formingsfronten, men ein ting eg faktisk klarer er å lage øyredobbar. For litt over eit år sidan lærte ei venninne meg å lage ein type "swarovski øyredobbar", som er feminine og flotte. Prisane på dei ekte er høge, og ligg fra 799 -1049 kr, i forhold til kva slags størrelse ein skal ha. Øyredobbane er av den grunn ikkje tillatt for min lommebok! Derfor er det veldig kjekt å kunne bestille det ein treng fra ebay til ein billigare pris, og lage det sjølv. Spesielt når dei ligner veldig, og tida ein bruker er minimal J

Her er eit par svarte swarovski øyredobbar eg lage her om kvelden :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar