Men, litt om meg sjøl må eg vel meddele :) Eg er ei jente på 23 år, som kjem fra Fyresdal i Vest-Telemark. Øverst på sida, ser du bilde derfra - kjempe fin og koselig plass. Sjølv om eg he budd i Skien dei 7 siste åra, er eg ikkje tvil om at tilbake skal eg. I tillegg er eg sammen med Svein, som er fra Skafså i Tokke. Det gjer valget litt lettare, då begge he tilknytting til området rundt her. Sjølv om det skal nevnas at det ikkje er noko me vurderer enda! Ved siden av studiet, gjeng store deler av tida mi til arbeid (Bik Bok og vikarjobbing), elixia treningssenter og sosialt samvær :D